Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Søknadsfristar for stipend og lån

Sist oppdatert: 17.03.2011
  • 15. november 2012 søknadsfrist for studiestøtte haustsemesteret 2012
  • 15. mars 2013 søkndasfrist for studiestøtte vårsemesteret 2013

Søknaden må ha kome inn til Lånekassen innan søknadsfristen.

Eigne fristar for lærlingar og andre grupper

  • Søknader frå lærlingar for skoleåret 2011-2012 må vere komne inn til Lånekassen innan 30. juni 2012, eller innan lærekontrakten blir avslutta, dersom lærekontrakten blir avslutta før 30. juni 2012.
  • Søknad om støtte til kurs med sommartermin må vere kommen inn til Lånekassen før kurset er avslutta.
  • For kurs som starter 1. mars 2012 eller seinere må vi ha søknaden før undervisningsåret eller kurset er avslutta.
  • For kurs i høstsemesteret som starter 1. november 2012 eller seinere, er fristen 15. mars 2013.
  • Du kan få unntak frå fristane dersom særlege forhold gjer at du ikkje får søkt i tide. Slike forhold kan vere at du på grunn av psykisk eller fysisk sjukdom var forhindra frå å sende inn ein søknad.

Sjekk svaret på Dine sider

Omlag ei veke etter at du har sendt søknaden, kan du gå inn på Dine sider for å sjå kva resultatet har blitt eller kor lenge du må vente på svar.

Bli eKunde

Dersom du legg inn mobilnummeret ditt eller e-postadressa di i nettsøknaden eller på Dine sider, sender vi deg viktig informasjon om behandling av søknaden din. Tenesta er gratis.

Les meir om utbetaling av stipend og lån.