Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Renter

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 13.01.2011
Når du er ferdig med utdanninga, har slutta eller ikkje lenger får stipend eller lån, blir det rekna renter frå første månadsskiftet.

Så lenge du får pengar frå Lånekassen til fulltidsutdanning, er lånet rentefritt under utdanninga.
Renta er marknadsstyrt

Renta er marknadsstyrt

Stortinget har bestemt at renta på utdanningslånet skal vere marknadsstyrt. Nytt frå 1. juli 2010 er at renta, både den flytande og den faste, blir fastsett for to månader om gongen.. Her kan du lese om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.

Fast eller flytande rente

Når du er ferdig med å studere, vil du automatisk få flytande rente på lånet ditt. Du kan også velje fast rente. Når du er ferdig med fastrenteperioden din, får du automatisk flytande rente. Sjekk rentesatsane her.