Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Rentefritak (sletting av renter)

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 09.01.2012

Lånekassen kan gi rentefritak (slette renter) på lånet ditt for ein periode dersom du har hatt låg inntekt og vore i ein situasjon som gir rett til rentefritak. Vi ”frys” ikkje lånet ditt ved at vi sluttar å leggje til renter, men slettar rentene etter at dei er lagde til lånet.

Kva er rentefritak?

  • Rentefritak betyr at vi slettar dei rentene som har blitt lagt til lånet ditt for ein periode.
  • Rentefritak fører ikkje til at terminbeløpet blir lågare, men at nedbetalingstida blir kortare.
  • Får du rentefritak for ein periode, men vel å betale i den same perioden, vil du krympe nedbetalingstida endå meir.

Sjekk om du kan få rentefritak

  • Du må ha hatt låg inntekt, det vil seie inntekt under inntektsgrensane for rentefritak.
  • Du må dokumentere arbeidsløyse, sjukdom, omsorg for barn, utdanning, verneplikt, eller ein annan situasjon som gir rett til rentefritak. Sjå menyen til venstre.
  • Rentefritak blir innvilga på etterskot, etter at rentene er lagt til lånet ditt.
  • Har du rett til rentefritak, har du også rett til betalingsutsetjing.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søkje om rentefritak ein gong i året, helst straks året er slutt.

Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. Lånekassen kan uansett ikkje fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer om rentefritak for. Årsaka er at søknaden om rentefritak blir vurdert i forhold til årsinntekta di som visast på likninga, og vi får ikkje likningsdata frå skatteetaten før mot slutten av året.

Det betyr til dømes at ein søknad om rentefritak for 2012 ikkje vil bli endeleg avgjort før mot slutten av 2013. Du bør derfor vente til starten av 2013 med å søkje om rentefritak for 2012.

Frist på tre år

Rentefritak blir gitt på etterskot, men det er ein frist på tre år. Mottek vi søknaden frå deg i 2012, vil rentefritak for perioden før 1. januar 2009 vere forelda. Lånekassen kan gjere unntak frå fristen dersom det er særlege forhold som gjer at søknadsfristen ikkje kan bli halden.