Purring
Dersom du ikkje betaler når du skal, og heller ikkje søkjer om betalingsutsetjing, sender Lånekassen ut andregongsvarsel (purring). Det blir då lagt på 280 kroner i gebyr. Dersom du framleis ikkje betaler eller søkjer om utsetjing, sender vi deg eit varsel om oppseiing av lånet. Det blir då lagt til eit gebyr på 490 kroner.
Ikkje fått den første rekninga?
Husk at du er pliktig til å betale sjølv om du ikkje har fått rekninga i posten. Les meir om korleis du kan betale dersom rekninga ikkje kjem.
Vel du eFaktura kjem rekninga direkte i nettbanken, og det er ingen fare for at rekninga ikkje når fram til deg. I tillegg slepp du gebyret på 35 kroner. Les meir om eFaktura.
Betalingsutsetjing
Dersom du ikkje kan betale rekninga, kan du søkje om betalingsutsetjing. Les meir om betalingsutsetjing her.
Dersom du ikkje ordnar opp ved å betale dei ubetalte terminbeløpa, eller ved å dokumentere rett til betalingsutsetjing for dei ubetalte terminbeløpa, vil lånet ditt bli sagt opp.
Oppseiing
Dersom du ikkje ordnar opp etter det vanlege betalingsvarselet eller etter purring, vil du motta eit brev med varsel om oppseiing. Dersom du framleis ikkje ordnar opp, vil du motta eit nytt brev med vedtak om oppseiing av lånet.
Oppseiing av lånet vil seie at heile gjelda har forfalle til betaling. Når lånet er sagt opp, aukar renta dessutan med eitt prosentpoeng.
Når lånet ditt blir sagt opp, blir det overført til SI som set i gang tvangsinnkrevjing av lånet. Dersom lånet går til tvangsinnkrevjing, vil det bli lagt til fleire kostnader som du må betale.
Dersom du ordnar opp slik at studielånet ditt ikkje lengre er sagt opp, blir lånet ført tilbake frå SI til Lånekassen.
Dersom lånet ditt blir overført til SI
Du vil få et eige brev frå SI dersom lånet ditt blir overført til SI.
Når lånet ditt er overført til SI er det nokre spørsmål du kan kontakte Lånekassen for å få svar på, medan andre spørsmål må du vende deg til SI om.
Kontakt Lånekassen dersom du har spørsmål om:
- betalingsutsetjing
- søknader om rentefritak ved m.a. sjukdom, arbeidsløyse, omsorg og attføring
- støtte til ny utdanning
- ettergiving i Nord-Troms og Finnmark
- sletting av lån ved uførheit
Her finn du kontaktinformasjon for Lånekassen.
Kontakt SI dersom du har spørsmål om:
- betalingsavtalar
- trekk i løn/trygd
- pant
- konkursar
- gjeldsordningar
- innkrevjing i utlandet
- ettergiving pga. økonomiske problem
Du kan kontakte SI slik:
Telefon 75 14 97 00
Internett www.sismo.no
Brev til: SI, Postboks 455, 8601 Mo i Rana
Dersom lånet ditt blir permanent overført til SI
Du vil få et eige brev frå Lånekassen med varsel om at lånet ditt vil bli permanent overført til SI. For å undersøkje om det er moglegheit for å unngå at lånet blir permanent overført til SI, må du kontakte Lånekassen så snart du mottar dette brevet.
Les meir om konsekvensane av permanent overføring av lånet til SI og kva du kan gjere for å unngå det.
Dersom lånet ditt blir permanent overført til SI må alle spørsmål rettast til SI. Sjå over for kontaktinformasjon.