Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Nedbetaling

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 09.01.2012
Du får automatisk ein betalingsplan frå Lånekassen som viser korleis utdanningslånet skal betalast tilbake. Men du kan også velje å betale inn raskare, eller søkje om utsetjing av betalinga.

Rentene går

Når du er ferdig med utdanninga, eller held fram å studere utan støtte frå Lånekassen, eller du skifter frå  fulltidsutdanning til deltid, blir det rekna renter på lånet ditt. Renta er marknadsstyrt, og du kan velje mellom fast og flytande rente

Første innbetaling

Første innbetalinga er cirka sju månader etter at rentene begynner å bli lagt til.

Fire innbetalingar i året

Faste forfall er

  • 15. februar
  • 15. mai
  • 15. august
  • 15. november

Betal i ditt eige tempo

Lånekassen sender deg ein betalingsplan som viser korleis nedbetalinga skal skje. Du kan likevel betale raskare enn det som står i planen. Treng du å bruke lengre tid, har du høve til å utsetje betalinga.

Du betaler berre renter i starten

Dersom du følgjer den vanlege betalingsplanen, betaler du berre renter på dei første innbetalingane. Det er fordi det har samla seg opp renter i dei månadene som har gått sidan du sist fekk støtte til fulltidsutdanning.

Renter og avdrag

Kor stor del av kvar innbetaling som går til å dekkje avdrag, og kor stor del som går til å dekkje renter, endrar seg etter kvart som du betaler ned på lånet. Den delen av summen som går til å dekkje avdrag, aukar for kvart forfall, og delen som går til å dekkje renter, blir mindre.

Går renta opp, vil ein større del av neste innbetaling gå til å dekkje renter, og mindre til å dekkje avdrag.

Sjå graf som viser fordeling mellom avdrag og renter ved nedbetaling av lån på kr 280 000.

Nedbetalingstid

Nedbetalingstida er avhengig av kor stort lånet er, men lån som er større enn 222 000 kroner, får til vanleg 20 års nedbetalingstid. Lånet skal vere nedbetalt innan du fyller 65 år. For låntakarar over 45 år blir terminbeløpa oppjusterte slik at den lengste nedbetalingstida blir kortare enn 20 år.

Sjå eksempel på nedbetalingstid og terminbeløp for ulike rentesatsar og lånebeløp.

Betalingspåminning på SMS

Du kan få påminning via SMS dersom du gløymer å betale innan forfallsdato. Du må i så fall leggje inn mobilnummeret ditt på Dine sider og gi oss samtykke til å sende deg SMS.