Bruk eFaktura, så sparer du tid og slepp å betale gebyret på 35 kroner som blir lagt til på papirrekninga, og som tilsvarer 140 kroner i året.

Du slepp å taste KID
Ein eFaktura er ferdig utfylt med KID-nummer, kontonummer og beløp. Det einaste du treng å gjere i nettbanken, er å godkjenne rekninga når du vil betale.
Oversikt
eFakturaene blir lagra i nettbanken din, og du har heile tida oversikt over betalte og ubetalte rekningar. Du kan også velje å bli varsla på e-post kvar gong du får ein ny eFaktura i nettbanken.
Betre kontroll
Du må godkjenne eFakturaen i nettbanken for at beløpet skal bli trekt frå kontoen, og du kan endre beløp, kva konto som skal belastast, og forfallsdato på rekninga.
Betal kvar du vil
Fordi rekningane blir sende elektronisk til nettbanken din, er du ikkje avhengig av postkassa, som er ein fordel når du for eksempel er ute og reiser.
Mindre papir
Du slepp å motta faktura i posten og sparer miljøet ved å bruke mindre papir.
Slik bestiller du eFaktura på Dine sider:
- Velg lenka under.
- Logg inn på Dine sider.
- Velg lenka for å bestille eFaktura.
- Logg inn med BankID.
- Neste rekning kjem som eFaktura i nettbanken din.
Gå til teneste for å bestille eFaktura på Dine sider.
Slik bestiller du eFaktura frå nettbanken din:
- Gå inn i nettbanken din.
- Registrer kundenummeret ditt som eFakturareferanse.
- Neste rekning vil då kome som eFaktura i nettbanken.
Nyttige lenker om eFaktura