Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Betalingsutsetjing

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 23.04.2012
Dersom du ikkje kan betale rekninga frå Lånekassen, kan du få utsett betalinga. Nedbetalingstida blir dermed litt lengre. Du søkjer enkelt om betalingsutsetjing på Dine sider, det er ikkje mogeleg å søkje på telefon.

Søk om betalingsutsetjing på Dine sider. Du loggar inn med MinID.

Du treng MinID for å søkje. Dersom du har gløymt passordet ditt, kan du få eit mellombels passord når du klikkar på lenkja "Gløymt passord" i innloggingsvindauget. Les meir om MinID her.

Det er enkelt å søkje

Å søkje om betalingsutsetjing er enkelt, og dei fleste får utsetjing med ein gong. Du treng ikkje å gi oss nokon spesiell grunn for at du ikkje kan betale. Du  kan søkje om betalingsutsetjing tilsvarande tolv heile terminbeløp. Les meir om betalingsutsetjing her.

Illustrasjon på hvordan man søker om betalingsutsettelse

Du kan ha rett til rentefritak

Ein del sosiale forhold kan gi rett til rentefritak dersom du i tillegg har låg inntekt. Eksempel på dette er registrert arbeidsløyse, sjukdom og omsorg for eigne barn. Les om rentefritak her.