Du kan få støtte til fulltidsutdanning utanfor Norden på høgskole- og universitetsnivå.
Lånekassen har ein database over lærestader og utdanningar som er vurderte for stipend og lån. Det er berre heile gradsutdanningar på universitets- og høgskolenivå som ligg i denne databasen. Finn du ikkje utdanninga di i databasen, kan du be Lånekassen om ei førehandsvurdering for å få vite om utdanninga er godkjend for støtte.
Les her dersom du berre skal ta ein del av den norske utdanninga di ved ein utanlandsk lærestad.
Vilkåra for utdanning utanfor Norden er:
- Utdanninga må vere på fulltid
- Utdanninga tilsvarar, er på nivå med, eller kan bli godkjend som ein del av ein norsk bachelor- eller mastergrad.
- Utdanninga må ha dei samme opptakskrava som tilsvarande utdanning i Noreg.
- Du må vere på lærestaden og kunne følgje undervisninga. (Utdanninga kan ikkje vere distanse- eller fjernundervisning).
Du kan få støtte til utdanning som tilsvarar ein del av ein norsk bachelor- eller mastergrad også når du ikkje har begynt på ei utdanning i Noreg. Utdanninga må gi studiepoeng i Noreg. Les meir om korleis Lånekassen godkjenn utdanning i utlandet for utdanningsstøtte.
Særskilde utdanningar
Nokre utdanningar du ikkje kan få støtte til:
Vidaregåande opplæring
Du kan få støtte til heile eller delar av den vidaregåande opplæringa i utlandet.