For å få stipend eller lån må du oppfylle nokre krav.
Studieplass
Du må vere teken opp som elev/student og ha rett til å gå opp til eksamen. Lærlingar må ha godkjend lærekontrakt.
For å få støtte til høgare utdanning må du ha generell studiekompetanse eller opptak på grunnlag av realkompetanse.
Statsborgarskap
Som hovudregel må du vere norsk statsborgar, men også utanlandske statsborgarar kan ha rett til støtte. Er du utanlandsk statsborgar, kjem det an på kvar du kjem frå, kva tilknyting du har til Noreg, og på kva grunnlag du har fått opphald her.
Studium i utlandet
Les om krav ved studium i utlandet