Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Annullert gjeldsbrev

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 08.03.2012
Når gjeldsbrevet / stipendmeldinga er blitt annullert, får du ikkje utbetalt støtta frå Lånekassen. Les her kva du må gjere for å få utbetalt pengane.

Annulleringa skjer fordi Lånekassen ikkje har motteke

  • underteikna gjeldsbrev / stipendmelding frå deg innan fristen (står til høgre oppe på gjeldsbrevet), eller
  • stadfesting frå lærestaden på at du har opptak ved den utdanninga du har fått støtte til, eller
  • stadfesting frå deg på ein konto som du sjølv eig

Korleis få pengane?

Når du har motteke brev eller e-post om annullering, er det for seint å sende inn det opphavlege gjeldsbrevet / stipendmeldinga. For å få betalt ut støtta treng du eit nytt gjeldsbrev/stipendmelding.

Under ser du kva du må gjere for å få nytt gjeldsbrev / stipendmelding sendt til deg. Merk at det kan ta ei dryg veke frå du eller lærestaden sender inn det som er naudsynt, til det er registrert inn hos Lånekassen og pengane kjem på konto.

Kva er problemet? Kva må du gjere?

Du har ikkje skrive under på gjeldsbrevet / stipendmeldinga innan fristen.

Send oss ein e-post, ring, eller send oss eit brev og sei at du ønskjer nytt gjeldsbrev sendt til deg.


Lærestaden har ikkje stadfesta at du har opptak ved den utdanninga du har fått støtte til.

  1. Ta kontakt med lærestaden for å få registrert deg som elev/student.
  2. Etterpå må du sende oss ein e-post, ringe, eller sende brev om at du fortsatt ønskjer den tildelte støtta.

Du har ikkje sendt inn stadfesting på ein konto som du sjølv eig.

Registrer kontonummeret ditt på Dine sider.

Du må seie frå innan fristen for å få pengane

Du må sende e-post, ringe, eller sende inn brev og eventuelt registrere kontonummer innan tre veker frå du mottok brevet om annullering. Dersom skoleåret/utdanninga er avslutta, kan du ikkje få betalt ut pengane.