Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Fødsel og barn

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012
Ventar du barn under utdanninga eller bur saman med barn født i 1997 eller seinere som du forsørgjar, kan du få støtte frå Lånekassen.

For deg som skal få barn

Foreldrestipend blei tidlegare kalla fødselsstipend og er pengar du får når du får barn under utdanninga. Beløpet er nøyaktig det same som du elles ville fått som lån og stipend til saman, men du får alt som stipend i den perioden du får foreldrestipend.

Du kan få foreldrestipend i ein samanhengande periode på inntil 44 veker, eller 41 veker etter adopsjon.

Les meir om foreldrestipend her.

For deg som allereie har barn

Forsørgjarstipend er eit stipend til elevar og studentar med barn under 16 år som dei bur saman med minst 40 prosent av tida. Både mor og far kan få forsørgjarstipend samtidig.

Forsørgjarstipendet blir behovsprøvd mot både di og ein eventuell ektefelle/sambuars si inntekt og formue. Du kan få inntil 14 900 kroner per undervisningsår dersom du har eitt barn. Har du fleire barn, kan du få eit høgare beløp. Bruk støttekalkulatoren som du finn på lanekassen.no/forsorger for å rekne ut kor mykje forsørgjarstipend du kan få.

Les meir om forsørgjarstipend her.