Du er bortebuar dersom du bur borte frå foreldra dine. Som bortebuar kan du få bostipend på 3 850 kroner per månad.
Bustipend for elevar i vidaregåande opplæring
Har du ungdomsrett og bur borte frå foreldra dine, kan du få bustipend, dersom du oppfyller eitt av desse vilkåra:
- Skolen ligg meir enn 40 km frå foreldreheimen
- Du har meir enn tre timar samla reisetid kvar dag
- Det er særlege forhold som gjer at du må bu borte under utdanninga
Er du gift eller har barn du forsørgjer, og du bur heime hos foreldra dine, kan du også få bustipend. Får du stønader som er meint å dekkje buutgifter, har du ikkje rett til bustipend. Les meir om bustipend for elevar i vidaregåande opplæring.
Slik melder du frå om flytting.
Høgare og anna utdanning
Bur du borte frå foreldra dine, kan opptil 40 prosent av lånet bli gjort om til utdanningsstipend. Vilkåret er at du består eksamen og ikkje har inntekt eller formue over dei fastsette grensene. Trygd har lågare fribeløp enn vanleg inntekt, les meir om trygd her.
Bur du heime, får du ikkje lån gjort om til stipend. Men er du gift eller har barn du forsørgjer, kan du få stipend, sjølv om du bur heime hos foreldra dine. Les meir om lån og stipend til høgare og anna utdanning.
Har du flytta for deg sjølv etter at du søkte om støtte for våren 2012, men enno ikkje meldt frå til Lånekassen om hybeladressa di? Send oss ein e-post inne på Dine sider med flyttedato og ny adresse.
Utdanning i utlandet
Les om støtte til utdanning i utlandet på eigne sider.