Alle elevar og studentar får eit gjeldsbrev / ei stipendmelding som dei må sende i retur til Lånekassen for å få utbetalt støtta. Det gjeld også sjølv om eleven/studenten berre har fått stipend.
De må også kontrollere at eleven har elev-/studentstatus og elles fyller vilkåra for å få gjeldsbrevet/stipendmeldinga utlevert.
Dersom eleven er under 18 år, må i tillegg ein av foreldra skrive under på gjeldsbrevet/stipendmeldinga, og Lånekassen sender også ei melding til heimen (direkte til foreldre/føresette) dersom eleven tek opp lån .
Lånekassen overfører berre pengar til ein konto som eleven/studenten eig sjølv. På denne sida kan du lese meir om kontroll av bankkonto.
Desse får gjeldsbrevet/stipendmeldinga send til skolen:
Elevar i
- vidaregåande opplæring
- folkehøgskole
- bibelskole
- fagskole
- studieforbund
Lånekassen sender gjeldsbreva/stipendmeldingane til lærestadene ved semesterstart og vidare utover hausten og våren. De kan sjølv spore pakkar med gjeldsbrev.
Kontroller før de leverer ut gjeldsbrevet
De må kontrollere at eleven har elev-/studentstatus og elles fyller vilkåra for å få gjeldsbrevet/stipendmeldinga utlevert.
Ved å levere ut gjeldsbrevet/stipendmeldinga stadfester de samtidig at eleven/studenten har opptak og rett til å gå opp til eksamen. Les meir om kva de må kontrollere før de kan dele ut gjeldsbrevet/stipendmeldinga.
Les meir om
Desse får gjeldsbrevet/stipendmeldinga send heim i posten:
- studentar ved høgskolar og universitet
- lærlingar
Desse får gjeldsbrevet/stipendmeldinga send til den folkeregistrerte bustadsadressa eller til postadressa (dersom dei sjølve har lagt inn postadressa på Dine sider). Studentar og lærlingar får berre eitt gjeldsbrev / ei stipendmelding sjølv om dei får støtte for både hausten og våren. Dei kan velje å få gjeldsbrevet/stipendmeldinga elektronisk. Les meir om elektronisk signatur.
Bestille nytt gjeldsbrev på Dine sider
Studentar som får gjeldsbrevet/stipendmeldinga heim i posten, kan bestille eit nytt gjeldsbrev / ei ny stipendmelding på Dine sider dersom dei har mist gjeldsbrevet/stipendmeldinga.
Stadfest studentstatus
For at studentar ved høgskolar og universitet skal få utbetalt støtta, må dei skrive under og sende inn gjeldsbrevet, og de må stadfeste at dei har opptak før Lånekassen kan overføre støtta (gjeld lærestader som bruker FS, MSTAS, Banner og Venu solar soft).